«A Taste of Honey» er ein popsong skriven av Bobby Scott og Ric Marlow. Han var opphavleg eit instrumentalt spor (eller tilbakevendande tema) skrive for broadwayutgåva av det britiske skodespelet A Taste of Honey i 1960 (som det òg vart laga film av med same namn i 1961). Både originalen og ei seinare innspeling av Herb Alpert i 1965 gav songen fire Grammy-prisar. Ein versjon med vokal vart først spelt inn av Billy Dee Williams (og gjeven ut i 1961 på Prestige), og spelt inn av The Beatles for debutalbumet deira Please Please Me i 1963. Barbra Streisand framførte songen som ein del av cabaretshowet sitt i 1962, og spelte inn songen for debutalbumet The Barbra Streisand Album. Albumet vann Grammyprisen for årets album i 1963.
Instrumentale versjonar Den originale versjonen av «A Taste of Honey», «A Taste of Honey (refrain)» og «A Taste of Honey (closing theme)» kom ut på albumet til Bobby Scott i 1960, som òg heitte A Taste of Honey. Denne komposisjonen vann Grammy-prisen for beste instrumentale tema i 1963.
Martin Denny og The Victor Feldman Quartet fekk kvar sine mindre hittar med sine versjonar av songen i 1962. Acker Bilk gav ut ein versjon i Storbritannia i januar 1963, som nådde 16. plassen på UK Singles Chart. Herb Alpert and the Tijuana Brass spelte inn den mest populære instrumentale versjonen av songen på på albumet deira Whipped Cream & Other Delights i 1965. Denne vann dei fire Grammy-prisar for, mellom anna årets singel, i 1966. Denne instrumentalen låg fem veker på toppen av easy listening-lista og nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100. Harry James gjorde eit konsertopptak i 1966 for albumet Live At The Riverboat. Paul Desmond spelte inn ein versjon i 1964 på albumet Glad to Be Unhappy
Vokalversjonar
The Beatles The Beatles framførte Lenny Welch si utgåve av songen, med ein litt endra tekst i refrenget, som ein del av repertoaret sitt i 1962. Då den instrumentale versjonen til Acker Bilk vart populær i Storbritannia på den tida, vart songen vald ut til debutalbumet deira i 1963, Please Please Me. Ein versjon frå denne tida kom ut i 1977 på albumet Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962.
I USA kom songen først ut på VeeJay Records-albumet Introducing... The Beatles. Dei spelte òg «A Taste of Honey» sju gonger for BBC radio, inkludert programma Here We Go, Side by Side og Easy Beat. I 1967 vart McCartney inspirert til å skrive «Your Mother Should Know» basert på ei linje frå filmen A Taste of Honey.
Medverkande Paul McCartney – solovokal, bass John Lennon – akustisk gitar, korvokal George Harrison – sologitar, korvokal Ringo Starr – trommer
Lydteknikar var Norman SmithA Taste Of Honey | The Beatles Bible
Andre artistar Lenny Welch spelte inn ein tidleg versjon med vokal. Denne kom ut på singel i september 1962 og seinare på albumet Since I Fell for You. Denne versjonen tilskriv òg Lee Morris som låtskrivar, men et er uvisst om han skreiv teksten. Denne krediteringa finst ikkje på andre versjonar av songen, der berre Marlow/Scott er oppført. Johnny Rivers spelte inn songen på albumet sitt Changes.
Tony Bennett nådde 94. plassen i USA med ein vokal verjson av songen for albumet The Many Moods of Tony i 1964.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «A Taste of Honey av Bobby Scott» frå , den 10. mars 2018. oppgav desse kjeldene: The Billboard Book of Top 40 Hits, 6. utg., 1996
Kategori:Songar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Bobby Scott Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Herb Alpert-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Tony Bennett-songar Kategori:Barbra Streisand-songar Kategori:Julie London-songar Kategori:Floyd Cramer-songar Kategori:Lionel Hampton-songar Kategori:Bobby Darin-songar Kategori:Sarah Vaughan-songar Kategori:Brenda Lee-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:The Hollies-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Lena Horne-songar Kategori:Johnny Rivers-songar Kategori:Kingston Trio-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:Johnny Mathis-songar Kategori:Peter & Gordon-songar Kategori:The Temptations-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:The Supremes-songar Kategori:The Four Tops-songar Kategori:Vera Lynn-songar Kategori:Roger Whittaker-songar Kategori:The Osmonds-songar Kategori:Ray Conniff-songar Kategori:Martin Denny-songar Kategori:Quincy Jones-songar Kategori:Ferrante & Teicher-songar Kategori:Billy Vaughn-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Santo & Johnny-songar Kategori:Charlie Byrd-songar Kategori:Chet Atkins-songar Kategori:Hank Marvin-songar Kategori:Nana Mouskouri-songar