«On a Carousel» er ein song skriven av Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks. Han vart gjeven ut av The Hollies på singel i februar 1967, etter at han vart spelt inn månaden før. Nash meinte: «'On a Carousel' var ein av dei beste songane til The Hollies. Det er ein popsong med eit smittande refreng, men flørtar med flotte skifte i rytmen som held melodien uføreseieleg. Og teksten fangar essensen i ungdommeleg kjærleik utan den vanlege måne-og-juni-klisjeen. Me visste det var ein hit frå starten av.»

Originalinnspeling

«On a Carousel» var den første A-sida til The Hollies der Graham Nash song solovokal, sjølv om det berre var dei første få linjene. «On a Carousel» var den nest siste singelen The Hollies gav ut i USA på Imperial, før dei byta til Epic. Songen vart ein hit i Storbritannia, der han nådde fjerdeplassen, og i Canada ndde han sjuandeplassen på RPM-lista. Det var òg ein moderat hit i USA der han nådde 11. plassen på Billboard-lista.

Salslister Liste (1967)PlasseringAustralia (Go-Set)14

Other versions Mike Vickers, tidlegare medlem i Manfred Mann, spelte inn songen for debutalbumet hans i 1968, I Wish I Were a Group Again. Progressiv rock-gruppa Glass Moon spelte inn songen i 1982 på det andre studioalbumet Growing in the Dark. USA-amerikanske Shaw Blades spelte inn ein versjon i 2007 for albumet Influence.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «On a Carousel» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:The Hollies-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Graham Nash Kategori:Songar skrivne av Allan Clarke Kategori:Songar skrivne av Tony Hicks