Hollies Sing Hollies er det niande studioalbumet til The Hollies. Det kom ut i november 1969 på Parlophone, og var det andre albumet deira det året, eit halvt år etter eit heilt album med Bob Dylan-songar. Det var det første albumet deira med originale songar etter at Graham Nash slutta, og det andre albumet til The Hollies med Terry Sylvester. Den amerikanske versjonen av albumet vart kalla «He Ain't Heavy, He's My Brother», og inneheld hitsingelen med same namn, medan det utelet «Soldier's Dilemma» og «Marigold: Gloria Swansong». Det britiske albumet nådde ikkje albumlista, men i USA nådde det 32. plassen.

Innhald

He Ain't Heavy, He's My Brother (Amerikansk versjon)

Den amerikanske utgåva av Hollies Sing Hollies vart kalla He Ain't Heavy, He's My Brother med eit anna plateomslag. Det kom ut i desember 1969 på Epic Records. Det inneheld hitsingelen «He Ain't Heavy, He's My Brother» og utelet to songar som var på den britiske utgåva, «Soldier's Dilemma» og «Marigold: Gloria Swansong» (den andre vart sidan gjeve ut på det neste amerikanske albumet, Moving Finger). Side ein «Why Didn't You Believe?» «Don't Give Up Easily» «Look at Life» «Please Sign Your Letters» «My Life is Over with You» «Please Let Me Please»

Side to «Do You Believe In Love» «He Ain't Heavy, He's My Brother» «You Love 'Cos You Like It» «Reflections of a Long Time Past» «Goodbye Tommorow»

Medverkande Allan Clarke - vokal, munnspel Tony Hicks - sologitar, vokal Terry Sylvester - rytmegitar, vokal Bernie Calvert - bass, klaverinstrument Bobby Elliott - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hollies Sing Hollies» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:The Hollies-album Kategori:Parlophone-album Kategori:Musikkalbum produserte av Ron Richards Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios