«The Air That I Breathe» er ein ballade skriven av Albert Hammond og Mike Hazlewood, opphavleg spelt inn av Albert Hammond i 1972 på albumet hans It Never Rains in Southern California.

Historie Songen vart ein stor hit for The Hollies tidleg i 1974, då singelen nådde andreplassen på Storbritannia. Sommaren 1974 nådde songen sjetteplassen i USA på Billboard Hot 100-lista og tredjeplassen på Adult Contemporary-lista. I Canada nådde songen femteplassen på RPM Magazine-lista. Lydteknikaren for «The Air That I Breathe» var Alan Parsons.

Radiohead-songen «Creep» brukte ein liknande akkordprogresjon og deler noko av melodien som «The Air That I Breathe».English, Tim (2007). Sounds Like Teen Spirit: Stolen Melodies, Ripped-Off Riffs, and the Secret History of Rock and Roll, p.149. . Som følgje av dette vart Radiohead saksøkt av songforeleggjaren for brot på opphavsretten. Saka vart ordna utafor retten..Wardle, Ben. «Get off Coldplay's case – similar songs can co-exist peacefully». The Guardian (London). 12. mai 2009. Henta 23. mars 2018.

Salslister

Vekeslister Liste (1974)PlasseringAustralia2Austerrike3Canada (RPM 100 Singles)5Canada RPM Adult Contemporary5Tyskland 4Nederland (Gfk Top 100 Singles)1New Zealand (Listener)1Sør-Afrika (Springbok Radio)1UK Singles Chart2US Billboard Hot 1006US Billboard Easy Listening3US Cash Box Top 100 7 Liste (1988)Plassering

Årslister Liste (1974)PlasseringAustralia26Canada69Nederland15UK20US Billboard Hot 10050US Cash Box66

Andre versjonar

Den første coverversjonen av songen vart spelt inn av Phil Everly frå The Everly Brothers for albumet hans Star Spangled Springer i 1973. Cilla Black i 1974 på albumet In My Life. Olivia Newton-John i 1975 på albumet Have You Never Been Mellow. The Shadows i 1975 for albumet deira Specs Appeal. Champagne på debutalbumet deira i 1977. Hank Williams jr. spelte denne songen i 1983 på albumet hans, Man of Steel. Rex Allen jr. spelte inn ein versjon i 1983. Denne nådde 37. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista i desember 1983. Julio Iglesias spelte sin versjon av songen i 1984 på 1100 Bel Air Place. The Beach Boys song korvokal på denne versjonen. Det svenske bandet Alien spelte inn songen på debutalbumet deira i 1988. Judy Collins spelte inn ein versjon i 1990 på albumet Fires of Eden Rollefiguren til Bug Hall, Carl «Alfalfa» Switzer, song songen i The Little Rascals. Glamrockbandet Spiders and Snakes spelte songen på albumet deira Oddities: The Glitter Years (1995). Barry Manilow spelte inn songen i 1996 på albumet hans, Summer of '78 Steven Houghton spelte inn songen i 1997. k.d. lang spelte songen i 1997 på albumet hennar Drag. Simply Red i 1998 på albumet Blue. Jorge González, tidlegare leiar i det chilenske bandet Los Prisioneros, spelte songen som Necesito poder respirar i 1999 på albumet hans Mi destino. The Mavericks spelte inn songen i 2003. Versjonen deira nådde 59. plassen på Billboard Hot Country Songs-lista. Semisonic på CD-singelen «Singing in My Sleep». Den brasilianske countrygruppa Chitãozinho & Xororó med portugisisk tekst under tittelen «É assim que eu te amo» (omsett som «This is how I love you»). Thom Yorke frå Radiohead deler låtskrivarkredit med Albert Hammond og Mike Hazlewood på «Creep» på grunn av likskapane mellom denne songen og «The Air That I Breathe». Steve Wynn i 1999 på albumet hans Pick of the Litter.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Air That I Breathe» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Albert Hammond Kategori:Songar skrivne av Mike Hazlewood Kategori:Albert Hammond-songar Kategori:The Hollies-songar Kategori:Singlar frå 1998 Kategori:Nummer-ein-singlar i New Zealand Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Nummer-ein-singlar i Sør-Afrika Kategori:Balladar frå 1970-åra Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Simply Red-songar Kategori:The Mavericks-songar Kategori:Phil Everly-songar Kategori:Cilla Black-songar Kategori:Olivia Newton-John-songar Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Hank Williams jr.-songar Kategori:Rex Allen jr.-songar Kategori:Dana Gillespie-songar Kategori:Julio Iglesias-songar Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Judy Collins-songar Kategori:Barry Manilow-songar Kategori:k.d. lang-songar Kategori:Meja-songar Kategori:Cliff Richard-songar