For Your Love er det første amerikanske albumet til det engelske rockebandet The Yardbirds. Det kom ut i juni 1965 og er ei blanding av tidlegare singlar og songar berre gjevne ut i USA, sett saman av produsenten Giorgio Gomelsky. Albumet kom ut medan Yardbirds var klar for den første USA-amerikanske turneen sin, og nådde 96. plassen på Billboard si Top LPs-liste. Albumet kom ikkje ut i Storbritannia. På same vis vart ikkje debutalbumet til Yardbirds i Storbritannia, Five Live Yardbirds, gjeve ut i USA.

Innspeling og komposisjon For Your Love inneheld tre songar frå dei første innspelingane til Jeff Beck med The Yardbirds: «I'm Not Talking», «I Ain't Done Wrong» og «My Girl Sloopy» (desse songane kom ut seinare i Storbritannia på EP-en Five Yardbirds). Eric Clapton spelte gitar på resten av songane, som inkluderte tre singlar (med B-sider) som kom ut på den tida og to demoinnspelinga som ikkje kom ut i Storbritannia før i 1980-åra. Clapton, som hadde slutta i bandet fire månader før, er ikkje med på plateomslaget og heller ikkje nemnt på omslaget.

Sallister og mottaking

Albumet nådde 96. plassen på Top LPs-lista til Billboard. Det var det første Yardbirds-albumet som gjekk inn på lista. Den britiske debuten deira, Five Live Yardbirds, gjekk ikkje inn på UK Albums Chart og vart ikkje gjeven ut i USA.

I ei seinare melding for AllMusic skreiv Bruce Eder at «For Your Love ikkje er eit 'verkeleg' album ... I staden var det eit svar frå det amerikanske selskapet deira, Epic, til at bandet fekk tittelsporet på sjetteplassen, der manageren Giorgio Gomelsky valde ut songane.»

Innhald Info frå originalalbumet til Epic.

Medverkande The Yardbirds Keith Relf – solovokal, munnspel, akustisk gitar på «Heart Full of Soul» Eric Clapton – sologitar på alle spor, utanom dei med Beck Jeff Beck – sologitar på «I'm Not Talking», «I Ain't Done Wrong», «My Girl Sloopy». Chris Dreja – rytmegitar Paul Samwell-Smith – bassgitar, korvokal, musikalsk leiar Jim McCarty – trommer, korvokal

Andre medverkande Giorgio Gomelsky – korvokal på «A Certain Girl» Manfred Mann – klaverinstrument og korvokal på «Sweet Music» Paul Jones – korvokal på «Sweet Music» Mike Hugg – vibrafon på «Sweet Music» Tom McGuinness – gitar på «Sweet Music» Mike Vickers – gitar på «Sweet Music»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Albumet For Your Love» frå , den 30. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Yardbirds-album Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Album produserte av Giorgio Gomelsky Kategori:Epic Records-album Kategori:Album spelte inn i IBC Studios