Anthony «Top» Topham () er ein engelsk musikar og kunstnar. Han er mest kjend som ein bluesgitarist som var den første sologitaristen i The Yardbirds. Topham slutta i bandet då dei vart profesjonelle, sidan han berre var 15 år gammal på den tida, og vart erstatta av Eric Clapton, den første av tre sologitaristar i Yardbirds som vart særs kjende musikarar. Dei to andre var Jeff Beck og Jimmy Page).
Utanom musikkarrieren har Topham arbeidd som interiørdesignar og målar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Top Topham» frå , den 31. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:The Yardbirds-medlemmar Kategori:Britiske rhythm and blues boom-musikarar