The Manfred Mann Album er den amerikanske debutplata til den britiske R&B/popgruppa Manfred Mann. Ascot Records gav ut albumet i USA den 17. september 1964 for å utnytte den massive suksessen til singelen «Do Wah Diddy Diddy». Albumet består hovudsakleg av coverversjonar av kjende R&B-songar som «Smokestack Lightning» av Howlin' Wolf, «Hoochie Coochie Man» av Muddy Waters og «Down the Road a Piece» av Will Bradley.

I meldinga si for AllMusic skreiv Richie Unterberger at albumet var eit av dei sterkaste dei gav ut og «heilt klart eit av dei sterkare albuma i den britiske bølgja i 1964, då det var mange album å konkurrere med.»

Innhald

Medverkande Frå plateomslaget: Manfred Mann – orgel, piano Paul Jones – solovokal, munnspel Mike Vickers – gitar, altsaksofon, fløyte Tom McGuinness – bass Mike Hugg – trommer, vibrafon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Manfred Mann Album» frå , den 2. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Musikkalbum frå 1964 Kategori:Manfred Mann-album Kategori:Debutalbum