Fast eigedom er i juridisk samanheng grunn, og dessutan eventuell busetnad som finst på denne. Utvinnbare naturressursar, som mineralførekomstar, er også rekna som del av den faste eigedomen fram til dei vert utvunne og dermed går over til å verta lausøyre.
Norske lovar Etter norsk lov skal alle faste eigedomar skal matrikulerast, det vil seia tildelast eit gardsnummer og bruksnummer, slik at dei kan identifiserast.
Rettar til fast eigedom, som til dømes eigedomsrett, panterett eller eit servitutt, kan registrerast (tinglysast) på bladet til eigedomen i grunnboka. Ulike måtar ein fast eigedom kan registrerast som er mellom anna grunneigedom, festetomt eller som ein seksjon. Fast eigedom vil registrerast med ein eller fleire heimelshavarar.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Fast eiendom» frå , den 3. april 2018.
Bakgrunnsstoff Statens kartverk, tinglysingen «jøp av fast eiendom – dine rettighete», frå forbrukerportalen.no
Kategori:Grunneigedom Kategori:Tingsrett Kategori:Matrikkellova Kategori:Delingslova