«Colour My World» er ein song skriven av Tony Hatch og Jackie Trent spelt inn av Petula Clark i 1966.

Songen følgde den same hitformelen som Hatch hadde nytta på tidlegare songar for Clark, og var særleg lik «My Love» frå 1965, men var oppdatert med lyden av ein sitar.

Songen var spelt inn i New York City, og kom ut på singel i desember 1966 i eit forsøk på å gjere det betre enn den skuffande førre singelen, «Who Am I?», som ikkje nådde Topp 20 i USA. Det var òg den første singelen hennar i Sstorbritannia som ikkje gjekk inn på Topp 50 der sidan 1964. «Colour My World» nådde 16. plassen på den amerikanske sinellista og nådde topp 10 i Australia, men berre 52. plassen i Storbritannia.

I 1972 vart songen ein countryhit for Barbara Fairchild som nådde 32. plassen på countrylista i USA.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Colour My World (Petula Clark song)» frå , den 3. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Petula Clark-songar Kategori:Songar skrivne av Tony Hatch Kategori:Songar skrivne av Jackie Trent Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Disques Vogue-singlar Kategori:Songar produserte av Tony Hatch