The Trogg Tapes er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet The Troggs, gjeve ut i juni 1976. Albumet var det andre som kom ut i løpet av kort tid, etter at bandet ikkje hadde gjeve ut album sidan 1968. På dette albumet hadde Colin Fletcher kome inn på gitar i lag med Richard Moore.
Det finst ei privatkopiplate (bootleg) kalla The Troggs Tapes, som vart ganske populær utover i 1970-åra. Tittelen på dette albumet kom av at produsentane ønskte å utnytte denne populariteten. Innhaldet på dei to platene er derimot heilt forskjellige. Dette albumet består hovudsakleg av originale songar.
Innhald
Medverkande Reg Presley - vokal Ronnie Bond - trommer, fløyte Tony Murray - bass Richard Moore - akustisk og elektrisk gitar Colin Fletcher - akustisk og elektrisk gitar
Teknisk Larry Page - produsent David Baker - lydteknikar
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:The Troggs-album