«Hold My Hand» er ein song og singel skriven og spelt inna v Dave Davies, som er mest kjend som gitarist i den britiske rockegruppa The Kinks. Songen er den fjerde singelen til Davies.
Innspelinga
Som dei førre tre Dave Davies-singlane spelte heile The Kinks på songen. Han vart spelt inn i 1968, samstundes med albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society. Det var òg ein av dei siste songane den langvarige bassisten til The Kinks, Pete Quaife, spelte på.
Utgjeving
Etter at den førre singelen, «Lincoln County» mislukkast, kom «Hold My Hand» ut i 1969 på singel med B-sida «Creeping Jean». Men òg denne singelen vart mislukka, og gjekk ikkje inn på salslistene nokon stad. Dave Davies la så solokarrieren på is dei neste ti åra.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hold My Hand (Dave Davies song)» frå , den 8. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar skrivne av Dave Davies Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Songar frå 1969