Dei mesopotamiske sumpane eller Dei irakiske sumpane er eit våtmarksområde sør i Irak og delvis inn i det sørvestlege Iran og Kuwait. Historisk bestod myrlandet hovudsakleg av dei fråskilde, men tilstøytande Qurna-, Hawizeh- og Hammarmyrene, og brukte å vere det største våtmarksområdet i det vestlege Eurasia. Det er eit sjeldan akvatisk landskap i ein ørken, og er levestad for sumparabarane og viktige fuglebestandar. I 1950-åra byrja ein å drenere delar av myrområda og dette fortsette inn i 1970-åra for å bruke landområdet til jordbruk og oljeutvinning. Seint i 1980- og tidleg i 1990-åra, under styret til Saddam Hussein, vart dette arbeidet utvida for å drive bort sjiamuslimar frå myrområda. Før 2003 var myrområda redusert til 10 % av den originale storleiken.

mini|venstre|Satellittbilete av Dei mesopotamiske sumpane, 2000–09

Etter regimet til Hussein fall i 2003, har myrområda dels blitt fylt opp att, men tørke i samband med byggjinga av demninga lenger opp i elvene i Tyrkia, Syria og Iran har hindra myrområda å kome attende slik dei opphavleg var. Sidan 2016 har Dei mesopotamiske sumpane vore på verdsarvlista til UNESCO som Ahwar i Sør-Irak.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mesopotamian Marshes» frå , den 22. april 2018. oppgav desse kjeldene: Hooded Crow: Corvus cornix at iGoTerra U.S. National Aeronautics and Space Administration. 2008. NASA Visible Earth from 2004 satellite photography

Bakgrunnsstoff Dei mesopotamiske sumpane i Basra-området (VIDEO)

Kategori:Mesopotamia Kategori:Myrområde i Iran Kategori:Myrområde i Irak Kategori:Shatt al-Arab-vassdraget