«Sitting in the Midday Sun» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks, skriven av Ray Davies. Songen vart spelt inn i juni 1973 og gjeven ut på singel i USA og Storbritannia same året. Han fekk generelt god omtale, men selde ikkje godt nok til å gå inn på salslistene. «Sitting in the Midday Sun» vart gjeven ut på Preservation Act 1, i november 1973.
Bakgrunn og innspeling Doug Hinman estimerer at «Sitting in the Midday Sun» var den første songen som vart spelt inn i The Kinks nye Konk Studios. Songen vart spelt inn kring 8. juni, og vart klargjort for det komande albumet til gruppa.
Utgjeving Songen vart gjeven ut med B-sida «One of the Survivors» for i Storbritannia, der han kom ut i juni. I USA kom singelen ut med B-sida «Sweet Lady Genevieve». Kritikarane var stort sett samde om at det var ein fin sommarlåt, men songen selde likevel ikkje godt nok til å nå salslistene nokon stad.
Medverkande Ray Davies – Solovokal, akustisk gitar Dave Davies – Korvokal, sologitar, akustisk gitar John Dalton – bassgitar Mick Avory – trommer, perkusjon John Gosling – klaverinstrument Alan Holmes – altfløyte
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sitting in the Midday Sun» frå , den 24. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Folkrock-songar Kategori:Songar frå 1973