«Juke Box Music» er ein song av The Kinks frå albumet Sleepwalker i 1977. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet, men i motsetnad til den første singelen, «Sleepwalker», selde han for dårleg til å nå singellistene nokon stad. B-sida til singelen var «Sleepless Night» i Storbritannia og Tyskland, og «Life Goes On» i USA.

«Juke Box Music» handlar om ein musikkfan som trur på tekstane i songar ho høyrer på jukeboksane. Rolling Stone skreiv om songen at «det burde ha vore ein patetisk song, men likevel får Davies oss til å trampe takten og syngje med».

Songen vart framført på Old Grey Whistle Test i 1977.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Juke Box Music» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1977 Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Singlar frå 1977