«Destroyer» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks, skriven av Ray Davies. Songen kom ut på albumet Give the People What They Want i august 1981 og var den første singelen frå albumet i USA. Han vart ikkje gjeven ut på singel i Storbritannia.

Songen inneheld referansar til tidlegare hittar av bandet, inkludert riffet frå «All Day and All of the Night» og tekst inspirert av «Lola» frå 1970. Som andre Kinks-songar frå denne perioden har «Destroyer» ein tung, rockebasert stil. Songen vart først spelt inn under innspelinga av Low Budget og kom til slutt ut på Give the People What They Want.

«Destroyer» vart til slutt spelt inn i Power Station i New York. Trommeslagaren Mick Avory meinte av den tette lyden på songen kom frå lyddynamikken i dette studioet.

Utgjeving Songen vart vald ut som den første singelen i USA frå albumet. I Storbritannia vart «Better Things» vald i staden. I 1982 nådde singelen tredjeplassen på Billboard Rock Top Tracks-lista og 85. plassen på Billboard Hot 100.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Destroyer (The Kinks song)» frå , den 27. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1981