«Any Way You Want It» er ein song av The Dave Clark Five frå det amerikanske albumet Coast to Coast (1964). Singelen nådde 25. plassen på singellista i Storbritannia og 14. plassen i USA. Songen er skriven av Dave Clark.
Det vert nytta ekko og klang på songen med hjelp av ein Echoplex. Songen vart framført på fleir fjernsynsshow The Ed Sullivan Show og Shindig!. Sidan dei brukte så mange effektar på songen måtte dei mime til framføringa. I Storbritannia var B-sida «Because».
Andre utgåver Songen vart spelt inn av Kiss på studiosida av konsertalbumet Alive II (1977).
Songen vart òg spelt av Ramones med Eddie Vedder frå Pearl Jam som gjestevokalist på den siste konserten deira den 6. august 1996 i The Palace i Los Angeles. Denne versjonen kom ut på albumet We're Outta Here! (1997).
Ein studioversjon med C.J. Ramone som duettpartnaren til Joey Ramone kom ut som bonusspor på Greatest Hits Live (1996).
Tom Petty and the Heartbreakers inkluderte sin versjon av songen i plateboksen The Live Anthology (2009).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Any Way You Want It (The Dave Clark Five song)» frå , den 29. april 2018.
Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar frå 1964 Kategori:The Dave Clark Five-songar Kategori:Songar skrivne av Lenny Davidson Kategori:Columbia Graphophone Company-singlar Kategori:Kiss-songar Kategori:Ramones-songar Kategori:Tom Petty-songar