The Seeds er debutalbumet til det amerikanske garasjerockbandet The Seeds. Det kom ut i april 1966 på GNP Crescendo Records og var produsert av Marcus Tybalt og Sky Saxon. Etter dei to singlane «Can't Seem to Make You Mine» og «Pushin' Too Hard» i 1965, kom albumet ut og gjekk inn albumlista i USA, der det nådde 132. plassen på Billboard Top LPs & Tapes. I nyare tid har albumet fått positiv omtale og det vert sagt at albumet påverka punkrocken eit tiår seinare.
Stil
Som mange garasjerockband er vokalstilen til songaren Sky Saxon inspirert av Rolling Stones-songaren Mick Jagger, men er òg blitt samanlikna med vokalen til rockabillyartistane Buddy Holly og Eddie Cochran.
Utgjeving
The Seeds gav ut to singlar før albumet kom i 1966: «Can't Seem to Make You Mine» i juni 1965 og «Pushin' Too Hard» i november. The Seeds kom ut i april 1966. Den tredje singelen frå albumet var «Try to Understand», men denne gjekk ikkje inn på lista i USA. «Pushin' Too Hard» vart gjeven ut på ny i oktober 1966 og gjekk inn på singellista i USA i 1967, då han nådde 36. plassen i februar.
The Seeds har blitt gjeve ut på ny fleire gonger på både vinyl og CD, ofte i lag med det neste albumet deira, A Web of Sound. Somme av dei nyare utgåvene har jerna songen «Lose Your Mind» frå den originale vinylutgåva.
I 2012 gav Big Beat Records ut The Seeds i ei luksusutgåve med nymastra lyd i bonus, i tillegg til ti nye bonusspor av songar som ikkje var gjevne ut før.The Seeds (2012). «The Seeds - Deluxe Reissue» GNP Crescendo Records. Henta 29. april 2018
Innhald
Medverkande
Musikarar
Sky Saxon – bassgitar, munnspel, vokal, plateprodusent, konsept, plateomslag Rick Andridge – trommer Cooker – gitar, slidegitar Daryl Hooper – melodica, piano, klaverinstrument, vokal Jan Savage – gitar, rytmegitar, vokal
Teknisk
Chuck Britz – lydteknikar Mike Durrough – lydteknikar, miksing David Hassinger – lydteknikar Lanky Linstrot – lydteknikar Stan Ross – ny miksing Doc Siegel – ny miksing Marcus Tybalt – produsent, kommentarar Rafael O. Valentin – lydteknikar Alec Palao - leiande produsent Neil Norman - leiande produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Seeds (album)» frå , den 29. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Debutalbum frå 1966 Kategori:The Seeds-album Kategori:GNP Crescendo Record Co.-album