«Passengers» er ein song av Elton John som kom ut i 1984 på albumet hans Breaking Hearts.

Songen vart gjeven ut på singel og nådde femteplassen på den britiske singellista og topp 10 i Australia, men vart ikkje gjeven ut i USA. Han vart skriven av John, Bernie Taupin og Davey Johnstone. Musikken til songen var stort sett basert på ei sørafrikansk folkevise kalla «Isonto lezayone», som vart spelt inn i 1963 av Phineas Mkhize. Fløyteriffet og melodien på refrenget kom frå denne visa, og Mkhize er oppført som låtskrivar. Fram til då hadde ikkje så mange personar vore ført opp som låtskrivarar på ein Elton John-song, men talet vart forbigått av «Wrap Her Up» året etter.

Songen vart inkludert i 1990 på den britiske samleplata The Very Best of Elton John.

Musikkvideo Musikkvideoen vart regissert av Simon Milne, vart filma i St. Tropez i Frankrike. Bernie Taupin deltok i musikkvideoen.

Medverkande Elton Johnpiano, klaverinstrument, vokal Davey Johnstoneakustisk gitar, korvokal Dee Murraybassgitar, korvokal Nigel Olssontrommer, korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Passengers (Elton John song)» frå , den 14. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Songar produserte av Chris Thomas