Laurence Juber () er ein engelsk gitarist. Han vart mest kjend som sologitarist i Wings frå 1978 til 1981, men har sidan utmerkt seg sologitarist med fingerstil og som studiomusikar.
Tidleg i karrieren spelte han som studiomusikar og spelte inn eit album med Charles Aznavour, Je n'ai pas vu le temps passer..., som vart eit av dei bestseljande albuma til Aznavour. Juber spelte òg James Bond-temanet for filmen The Spy Who Loved Me.
I 1978 fekk han tilbodet om å bli med Paul McCartney i bandet Wings. Han spelte på albumet Back to the Egg (1979), og den påfølgjande turneen. Etter Wings vart oppløyst tidleg i 1981, flytta Juber til USA. Her spelte han som studiomusikar, mellom anna på musikk for mange fjernsynsseriar som Happy Days, Family Ties , «Home Improvement» og «7th Heaven». Han spelte gitar på Belinda Carlisle sin «Mad About You», Eric Carmen sin «Make Me Lose Control» og «Time of My Life» og «She's Like The Wind» frå filmmusikken til «Dirty Dancing».
Diskografi 1982: Standard Time 1990: Solo Flight 1993: Naked Guitar 1995: LJ 1997: Winter Guitar 1997: Groovemasters (med Preston Reed) 1998: Mosaic 1999: Altered Reality 2000: LJ Plays the Beatles 2000: The Collection 2001: Different Times 2003: Guitarist 2004: Henry Mancini: Pink Guitar 2005: One Wing 2006: I've Got the World on Six Strings 2007: PCH 2008: Pop Goes Guitar 2009: Wooden Horses 2010: LJ Plays the Beatles Vol.2 2011: Children of the Harvest 2012: Soul of Light 2013: Catch LJ Live! 2013: Under an Indigo Sky 2015: Fingerboard Road 2016: Holidays & Hollynights 2017: LJ Can't Stop Playing The Beatles!
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Laurence Juber» frå , den 21. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad
Kategori:Wings-medlemmar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Fingerspelgitaristar Kategori:Folk frå Stepney Kategori:Engelske studiomusikarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Luttistar Kategori:Engelske countrygitaristar Kategori:Engelske jazzgitaristar Kategori:Engelske bluesgitaristar Kategori:Engelske visegitaristar Kategori:Musikarar frå London