Upolitisk liste er eit vanleg namn på lokale lister ved kommuneval i Noreg. Denne artikkelen handlar om lista som stilte til val ved stortingsvalet i 1985.

Upolitisk liste var eit parti som stilte til val i Noreg ved stortingsvalet 1985. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinamn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinamnet til andre småparti som låg brakk, og så endra namnet. Upolitisk liste oppstod då minipartiet For Folkeavstemning/Tverrpolitisk Liste, som ved stortingsvalet 1981 stilte under namnet Folkeavstemningspartiet, i 1984 skifta namn. Lista var det første partiprosjektet til Jack-Erik Kjuus, som seinare vart kjend frå mellom anna Stopp Innvandringen og Kvit Valallianse. Ifylgje magasinet Monitor stod det fleire kjente høgreekstremistar på lista.

Lista stilte berre til val i Oslo og fekk der 100 røyster, noko som utgjorde 0,03 % av røystene i Oslo. I 1988 skifta partiet namn til Stopp Innvandringen.

Kjelder

Magasinet Monitor Skyggesiden - Norsk (parti)politisk historie

Kategori:Tidlegare norske politiske parti Kategori:Innvandringskritiske parti