Strawberries Oceans Ships Forest er eit ambient techno-album frå 1993 av The Fireman, ein duo som består av Paul McCartney og produsenten Youth, mest kjend som medlem av Killing Joke og The Orb.
Bakgrunn Albumet bestå av samplingar frå songar av McCartney, hovudsakleg frå innspelinga av Off the Ground, og samplingar frå «Reception» og «The Broadcast» frå Wings-albumet Back to the Egg i 1979, remiksa av Youth. Verken McCartney eller Youth er omtalte på albumet. Rykte om at det var McCartney som stod bak vart etter kvart stadfesta av EMI.
Prosjktet byrja då McCartney bad Youth om mikse fleire songar frå McCartney-albumet Off the Ground for å kanskje brukast på 12"-singlar. McCartney sa «Eg sa eg ønskte at han berre skulle bruke ting frå våre innspelingar, fordi dance-miksar ofte har ein sample av ei basstromme eller ei skarpetromme frå ein James Brown-song, og på grunn av det høyrest alt litt likt ut. Så eg sa til Youth at eg helst ønskte at han berre tok ting frå våre innspelingar, hovudsakleg Off the Ground.»
Innspeling Youth sa «Eg syns ikkje det høvde seg å mikse songane på Off the Ground på den måten eg hadde fått beskjed om. Eg tenkte det heller burde vere ei meir heilskapleg greie - altså, at i staden for å remikse ein song, så tenkte eg å dekonstruere albumet til samplingar og så bygge nye miksar frå desse. Og Paul likte ideen. Han var med på det, gå eg gjekk for det.»
Etter kvart valde McCartney å bli med Youth i studio for å skape ny musikk oppå dei eksisterande samplingane, og det heile vart meir eit samarbeidsprosjekt. Sjølv om det opphavleg var teknt som ei rekkje 12"-miksar, likte McCartney så godt resultatet at det vart eit heilt album av prosjektet.
Utgjeving og mottaking
Strawberries Oceans Ships Forest kom ut i Storbritannia 15. november 1993, og i USA 14. februar 1994. «Transpiritual Stomp» kom ut på 12"-singel med «Arizona Light Mix» som B-side.
Innhald
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Strawberries Oceans Ships Forest» frå , den 23. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1993 Kategori:The Fireman-album Kategori:Parlophone-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:Album produserte av Paul McCartney Kategori:Album produserte av Martin Glover