Twin Freaks er eit samarbeidsalbum av Paul McCartney og DJ-en og produsenten Freelance Hellraiser (Roy Kerr). Albumet kom ut den 13. juni 2005.

Historie og struktur Dette prosjektet til McCartney og Kerr var eit framhald av samarbeidet deira på McCartney-turneen i 2004. Kerr var på den tida kjend for mashup-albumet A Stroke of Genius i 2002 og varma opp med eit halvtime langt sett før konsertane til McCartney i 2004 der Kerr remiksa forskjellige McCartney songar i uvanlege og ofte ugjenkjenneleg former. Twin Freaks voks ut frå desse miksane.

Alle McCartney-songane er sterkt omarbeidd i prosessen. Albumet vart produsert som ei dobbel vinylplate og digital nedlasting i Windows Media Audio-formatet (WMA). Plateomslaget består av fleire måleri i liknande stil og tone av kunstnaren Willem de Kooning.

«Really Love You», med B-sida «Lalula», kom ut som ein einsides 12"-singel, avgrensa til 500 eksemplar, den 6. juni 2005. Ein annan singel, avgrensa til 200 eksemplar, kom òg ut med «What's that You're Doing» og «Rinse the Raindrops».

Innhald Alle songar skrivne av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Twin Freaks» frå , den 26. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff McCartney, Paul. Twin Freaks

Kategori:Paul McCartney-album Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Parlophone-album Kategori:Engelske electronica-album Kategori:EMI Records-album