Paraskevi Tsiamita () er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Volos som vart verdsmeister i tresteghopp i 1999.

Aktiv Tsiamita deltok ikkje i internasjonale meisterskap før 1998. Under europameisterskapen i Budapest forbetra ho i kvalifiseringa den personlege rekorden kraftig til 14,23 m, i finalen nådde ho 13,90 m og vart nummer ni. Sommaren 1999 var Tsiamita i sitt livs form. Den 1. august landa ho på 6,93 m i ei lengdehopptevling i greske Pátra, hennar livs lengste hopp.

I tresteg-kvalifiseringa under friidretts-VM 1999 i Sevilla tre veker seinare smelte Tsiamita til med eit hopp på 15,07 m. Like langt kom ho ikkje i VM-finalen, men eit bestehopp på 14,88 gav henne gullmedaljen i øvinga. Sidan var ho plaga med skadar og gav opp idretten i 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1998 i Budapest: Nr 9 i tresteghopp – 13,90 m VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje i tresteghopp – 14,88 m, framom Yamilé Aldama (14,61 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paraskevi Tsiamita» frå , den 28. mai 2018.

World Athletics

Kategori:Greske tresteghopparar Kategori:Greske lengdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett