Świętochłowice , tysk Schwientochlowitz, er ein by som ligg sør i Polen. Byen har 50 600 innbyggjarar (2016), og han har den største folketettleiken i landet med om lag 4 200 innbyggjarar per km². Świętochłowice ligg ved elva Rawa i Schlesiske voivodskap.
mini|venstre|Kart over Swietochlowice frå 1817. Historie Świętochłowice er nemnd første gongen i 1313. Byen fekk Magdeburg-rettar i løpet av overgangen mellom 1200- og 1300-talet. Staden var ganske ubetydeleg fram til industrialiseringa i Øvre Schlesien tok til på slutten av 1700-talet. I 1920 avstod Tyskland byen til Polen, sjølv om den lokale folkeavstemminga hadde gjeve eit fleirtal på 51,9 % for å bli verande i Tyskland. I 1939 blei byen reannektert av Tyskland og i 1945 igjen av Polen.
Under andre verdskrigen dreiv tyskarane konsentrasjonsleiren KZ Eintrachthütte i Świętochłowice. I 1945 blei han omgjort til arbeidsleiren Zgoda for tyske sivile og polske antikommunistar. Leiren stengde i 1945.
I 2004 opna Det schlesiske kultursenteret (Centrum Kultury Śląskiej) i byen.
Bydelar Centrum Zgoda Chropaczów Lipiny Piaśniki
Galleri
Bakgrunnsstoff
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Świętochłowice» frå , og «Świętochłowice» frå den 11. september 2010.
Kategori:Byar i Polen Kategori:Schlesiske voivodskap