Angela Lisa Winbush ()Jet Jan 21, 1982 er ein amerikansk R&B/soul-songar og låtskrivar som vart kjend i 1980-åra som ein del av R&B-duoen René & Angela. Ho fekk òg hittar som soloartist, som «Angel». Så langt har Winbush selt over ti millionar album og singlar verda over.

Biografi Winbush var fødd i St. Louis i Missouri og voks opp med gospelmusikk og lærte å spele piano som barn. Ho hadde ingen planar om ein profesjonell musikkarriere då ho byrja å studere på Howard University i Washington, D.C., der ho tok ein grad i arkitektur. For å tene pengar til utgiftene, byrja ho å syngje på innspelingar og danna ein vokaltrio som varma opp for Van McCoy og Al Jarreau. Ho vart interessert i musikkindustien og endra fag for å ta ei musikkutdanning.

Kring 1977 sende Winbush ein demo til DJ-en Gary Byrd i New York. Han spelte demoen over telefon for venen Stevie Wonder, som ringde til Winbush og inviterte ho til Los Angeles. Medan ho song i bandet til Wonder, Wonderlove, lærte Winbush om å skrive og produsere songar. I 1980 møtte ho songaren-låtskrivaren Rene Moore gjennom Wonderlove-vokalisten Carolyn Dennis og dei byrja å skrive songar i lag, og danna etter kvart duoen René & Angela. I 1978 spelte den tidlegare Tower of Power-songaren Lenny Williams inn ein av songane deira, «Changes». Ein ven introdusere ho for Dr. Cecil Hale, ei sjef i Capitol Records som signerte duoen til selskapet. Dei gav ut to album, Wall to Wall og Rise. Ein annan René & Angela-song, balladen «I Have Learned to Respect the Power of Love», vart spelt inn av Alton McClain & Destiny på albumet deira i 1978. I 1985 fekk René & Angela kontrakt med Mercury. Det første albumet deira, Street Called Desire, selde til gullplate og inneheld R&B-hitten «Save Your Love» , med ein rap av Kurtis Blow, og «Your Smile». Ein tidlegare René & Angela-song dukka sidan opp med eit smell. Den første singelen frå Stephanie Mills-albumet Stephanie Mills i 1985 var «Stand Back» og på B-sida var ein coverversjon av «I Have Learned to Respect the Power of Love». Songen vart mykje spelt på radio, og kom ut på singel att som A-side og gjekk til topps på singellista i USA våren 1986.

Innan 1987 gjekk Winbush solo og fekk den første jobben som produsent på The Isley Brothers-albumet Smooth Sailing etter songaren i gruppa, Ronald Isley, nemnte for Warner Bros-sjefen Benny Medina at han ønskte å arbeide med gruppa som lagde «Your Smile». Etter å ha arbeidd i lag, vart Isley manager for songaren, og han ortsette å nytte Winbush som låtskrivar og produsent. Dei to gifta seg i 1993, men vart seinare skild.

Etter ho gav ut det tredje soloalbumet sitt, Angela Winbush, som nådde 12. plassen på R&B-lista i 1994, har Winbush stort sett arbeidd i bakgrunnen. Ho fekk og overvann livmorhalskreft tidleg i 2000-åra.

Diskografi

Studioalbum År Album Plassering US USR&B 1987 Sharp Utgjeve September 1987 Selskap: Mercury 81 7 1989 The Real Thing Utgjeve May 1989 Selskap: Mercury 113 12 1994 Angela Winbush Utgjeve 15. mars 1994 Selskap: Elektra 96 11

Samlealbum Ultimate Collection (2001, Hip-O) Greatest Love Songs (2003, Hip-O)

Singlar År Singel Plassering USR&B US 1987 «Angel» 1 — «Run to Me» 4 — 1988 «C'est Toi (It's You)» 47 — «Hello Beloved» 26 — 1989 «It's the Real Thing» 2 — 1990 «No More Tears» 12 — «Lay Your Troubles Down» 10 — «Please Bring Your Love Back» 70 — 1994 «Treat U Rite» 6 117 «Inner City Blues» 49 — 1996 «Floatin' on Your Love» (med The Isley Brothers) 14 47 «—» syner til at singelen ikkje gjekk inn på lista

Andre utgjevingar Med Donald Byrd Thank You...For F.U.M.L. (Funking Up My Life) (Elektra, 1978)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Angela Winbush» frå , den 5. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell netttad

Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske popsongarar Kategori:USA-amerikanske soulsongarar Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar Kategori:Afroamerikanske plateprodusentar Kategori:Musikarar frå St. Louis