Dorcus Inzikuru () er ein ugandisk tidlegare friidrettsutøvar som i 2005 tok Ugandas fyrste VM-gull i friidrett då ho i Helsinki vann 3 000 meter hinder.
Aktiv Inzikuru vart juniorverdsmeister på 5 000 meter i 2000. Året etter vart ho nummer to på distansen i afrikameisterskapen, einast Berhane Adere frå Etiopia var betre.
Den 14. juni 2005 sette Inzikuru i Aten ugandisk rekord på 3 000 m hinder med tida 9.15,0. Under verdsmeisterskapen i Helsinki tok ho gullmedaljen i hinderløpet, etter ei råsterk sisterunde braut ho mållinja på 9.18,2 og slo sølvmedaljør Jekaterina Volkova frå Russland med over to sekundar og bronsevinnaren med over åtte sekundar. Året etter vann Inzikuru 3 000 m hinder også under samveldeleikane i Melbourne, då med tida 9.19,5.
Inzikuru budde og bur i Italia.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (16.00,9 =nr 28) OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (15.38,5 =nr 24) VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje i 3000 m hinder – 9.18,2, framom Jekaterina Volkova (9.20,4) OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa i 3000 m hinder (9.35,2 =nr 20)
=Kjelder World Athletics
Kategori:Ugandiske friidrettsutøvarar Kategori:Ugandiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Ugandiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Langdistanseløparar Kategori:Hekkeløparar