The Turning Point er eit konsertalbum av John Mayall med britisk bluesmusikk spelt inn under ein konsert i Fillmore East i New York City den 12. juli 1969.
Bakgrunn Då John Mayall starta opp eit nytt band etter at The Bluesbreakers vart oppløyst i mai 1969Christopher Hjort, Strange Brew : Eric Clapton & the British Blues Boom, 1965-1970, Jawbone Press, 2007, 352 pp. valde han eit band som skulle spele «lågvolumsmusikk» – eller musikk utan «tung sologitar og trommer».
Musikarar Artistane som spelar på albumet var Mayall på vokal, munnspel, ein slide- og ein Fender Telecaster-gitar, tamburin og vokalperkusjon, Jon Mark på akustisk gitar, Steve Thompson på bass og Johnny Almond på tenor- og altsaksofon, fløyter og vokalperkusjon. Alle songane på albumet var skrivne av eller delvis av John Mayall. Thompson var medlåtskrivar på «California», «Thoughts About Roxanne» og «Don't Waste My Time». Ein annan song, «I'm Gonna Fight For You, J.B.», er ei hyllest til den amerikanske bluesgitaristen J.B. Lenoir som døydde i 1967 og som var til stor inspirasjon for Mayall (dette var den andre hyllesta Mayall skreiv til musikaren. «The Death of J.B. Lenoir» kom ut tidlegare på Crusade). To konsertar fann stad 11. og 12. juli. Alle songane er frå den andre konserten.
Produksjon Albumet vart produsert av John Mayall, som òg designa plateomslaget og var kunstnarisk leiar for omslaget. Lydteknikar var Eddie Kramer, som òg var lydteknikar for Jimi Hendrix og Led Zeppelin, blant fleire.
Nyutgjevingar I 2001 kom albumet ut på ein nymastra CD med tre bonusspor frå same konserten.
Tidlegare innspelingar av det same materiale, frå ein konsert i juni 1969 i England, kom ut i 1999 på plata The Masters. Ein konsert på The Marquee den 30. juni 1969 hadde òg liknande setliste, og denne kom ut på The Turning Point Soundtrack i lag med musikk frå The Masters. Bandet vart då kalla John Mayall and the Bluesbreakers. Delar av øvingane til desse konsertane, og sjølve konsertane, vart filma og kom ut på ein 25 minuttar lang svart og kvit TV-dokumentar på BBC i 1996.
Innhald
Medverkande John Almond – fløyte, saksofon, altsaksofon, tenorsaksofon, vokalperkusjon Jon Mark – akustisk gitar John Mayall – gitar, munnspel, klaverinstrument, tamburin, vokal, slidegitar, vokalperkusjon Steve Thompson – bassgitar
Produksjon Bob Gordon – fotografi Suha Gur – mastering Eddie Kramer – lydteknikar Bill Levenson – produsent for nyutgjeving John Mayall – tekst i omslaget, kunstnarisk leiar, design, fotografi, produsent Monique McGuffin – produksjonskoordinering Neil Slaven – tekst i omslaget Tapani Tapanainen – fotografi Chris Welch – tekst i omslaget Barry Wentzell – fotografi Zill – fotografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Turning Point (album)» frå , den 12. juni 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:John Mayall-album Kategori:Konsertalbum frå Fillmore East Kategori:Konsertalbum frå 1969 Kategori:Album produserte av John Mayall Kategori:Polydor Records-album