Årets nynorskbrukar er ein pris som vert delt ut av Nynorsk kultursentrum på Dei nynorske festspela kvart år. Prisen går til «personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettaren å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk».aasentunet.no Prisen er på 100 000 kroner, ein diplom og eit grafisk trykk av Arne Nøst, og ved to høve eit eksemplar av Dialektspelet.
Prismottakarar 2000: Karl Arne Utgård (høgsterettsdommar) 2001: Gerd Kjellaug Berge (hotelleigar og visepresident i NHO) 2002: Ringstabekk skole i Bærum 2003: Martin Toft (redaktør) 2004: Side Brok (musikkgruppe) 2005: Kjartan Fløgstad (forfattar) 2006: Kari Traa (toppidrettsutøvar og forretningskvinne) 2007: Guri Vesaas (forlagsredaktør og omsetjar) 2008: ÅmliAvisa ved redaktør Inger Stavelin (lokalavis for Åmli kommune i Aust-Agder) 2009: Ottar Rekkedal (overlækjar) 2010: Maria Parr (forfattar) 2011: Linda Sæbø (bloggar) 2012: Ingvild Bryn og Arill Riise (journalistar) 2013: Gunnar Skirbekk (filosof) 2014: Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga (artistar) 2015: Jorunn Veiteberg (kunsthistorikar og journalist) 2016: Martine Rørstad Sand (omsetjar) 2017: Morten Haga Lunde (etterretningssjef) 2018: John-Ragnar Aarset (generalsekretær i Høgre) 2019: Frisørkjedene Floke og Balanzera ved adm.dir. Irene Stana og eigar Trude Lundevall 2020: Geir Sverre Braut (professor i helsefag) 2021: Bergen kommune 2022: Gaute Eiterjord (miljøaktivist og forfattar) 2023: Framtida Junior 2024: Alti og Coop Nordvest 2025: Vipps MobilePay AS og Stø AS 2026: Synne Vo
Kjelder
Bakgrunnsstoff Ivar Aasen-tunet
Kategori:Nynorskprisar Kategori:Språkprisar Kategori:Skipingar i 2000 Kategori:Nynorsk kultursentrum