Kurt Roland Hamrin (), kjend som Kurre Hamrin, var ein svensk fotballspelar frå Stockholm som utvandra til Italia. Han var i årevis Sveriges beste høgreveng og spelte i VM-finalen 1958. Perioden 1956-71 var han aktiv i fem italienske klubblag der han hadde suksess med ACF Fiorentina og AC Milan, med siger i europacupfinalen 1969 som høgdepunktet.

Karriere Klubbspel Hamrin var AIK-spelar fram til 1956. Sommaren 1956 reiste han til Italia og spelte dei to neste sesongane på først Juventus og så Padova. I 1958 vart han overført til Fiorentina, eit lag han spelte på i ni år. Med laget frå Firenze vann han i 1961 både den nasjonale cupmeisterskapen og cupvinnarcupen. Også i 1966 vann Fiorentina og Hamrin den italienske cupen. Etter overgangen til Milan i 1967 vart han seriemeister i 1968 og skåra våren begge måla då Milan vann finalen i cupvinnarcupen med 2-0 over Hamburger SV. Den 28. mai 1969 avslutta han tida i Milan med siger 4-1 over AFC Ajax i finalen i europacupen i fotball. Til sist spelte han 1969-71 på SSC Napoli.

Landslagsspel mini|venstre|Hamrin jublar for mål i VM-semifinalen 1958 Hamrin spelte 20 landskampar for Sverige før han reiste til Italia i 1956. Der etter kom han tilbake på landslaget i VM i fotball 1958 i heimlandet. Her var han ein sentral spelar då Sverige tok seg til VM-finalen mot Brasil. I semifinalen på Nya Ullevi i Göteborg skåra han eit kunstmål då han på eigenhand tok seg gjennom det vesttyske forsvaret og frå dødlinja skrudde ballen i nettet. VM-finalen enda elles med svensk tap 2-5. Sidan spelte Hamrin sju landskampar i tida 1962-65 og enda opp med 32 kampar og 16 mål i landslagsdrakta.

Merittar Finaletap i verdsmeisterskap: 1958 med Sverige Vinnar av cupvinnarcupen: 1961 med ACF Fiorentina og 1968 med AC Milan Italiensk cupmeister: 1961 og 1966 med ACF Fiorentina Italiensk seriemeister: 1968 med AC Milan Vinnar av europacupen: 1969 med AC Milan

Kjelder eu-football

Denne artikkelen bygger på «Kurt Hamrin» frå , den 23. juni 2018.

Kategori:Svenske fotballspelarar Kategori:Fiorentina-spelarar Kategori:AIK-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Padova-spelarar Kategori:Napoli-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1958