mini|Bjarkøy kommune på kart over Troms Bjarkøy er ein tidlegare øykommune i Troms fylke. Området er frå 1. januar 2013 del av Harstad kommune. Før samanslåinga med Harstad var Bjarkøy den minste kommunen i Troms, i både areal og folketal.
Historie miniatyr|Kommunehuset i Nergårdshamn på Bjarkøya. mini|upright|høgre|75 px|Kommunevåpenet til Bjarkøy Kommunen heitte «Sand» fram til 1886, då namnet vart endra til «Bjarkø», og seinare «Bjarkøy». I 1964 vart den delen av den gamle kommunen som låg på Senja og Lemmingvær overført til Tranøy kommune. Desse områda hadde litt over ein fjerdedel av innbyggjarane i kommunen, og det som var att av kommunen hadde då 1261 innbyggjarar. Bjarkøy var frå då av den minste kommunen i Troms etter folketal. Folketalet gjekk bratt nedover dei siste tiåra. I 2010 var folketalet 482, berre 38 % av det det var i 1964.
Folketal Bjarkøy kommune 1951-2012:
Kjelder
Fotnotar
Kategori:Tidlegare kommunar i Troms
Kategori:Norske kommunar skipa i 1838