mini|Lindstrøm leia gjenreisinga av Håkonshallen. mini|Fjærland kyrkje fekk ein heilt anna utsjånad etter ei ombygging planlagd av Lindstrøm.
Johan Lindstrøm () var ein norsk arkitekt. Han var frå Lærdal.
Lindstrøm fullførte studiane ved Norges tekniske høgskole i 1921. Han arbeidde deretter som arkitekt i Bergen og oppførte eit stort antall bygningar frå 1920-talet til 1950-talet. Johan Lindstrøm hadde slektsrøtene sine i den gamle hotell- og handelsfamilien på Lærdalsøyri og han var den første som tok opp arbeidet med å få verna det gamle trebygningsmiljøet der. Han var ein sentral skikkelse innanfor den såkalla Bergensskulen av arkitektar på 1930-talet. Desse arkitektane nytta ofte den lokale trebygningskulturen som inspirasjonskjelde. Lindstrøm var oppteken av å vidareføra nasjonal byggeskikk i samtidas arkitekturriksantikvaren.no Lesetips: Arkitekten Johan Lindstrøm I 1927 gav han ut boka Tunbrot og nybygnad på Vestlandet som hadde som program å «...vekkje og auke sansen for ein betre byggjemåte i bygdene våre»Johan Lindstrøm i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane I 1955 vann han konkurransen om restaurering av Håkonshallen, der store delar måtte gjenreisast etter ein eksplosjonsulykke i 1944. Dette prosjektet vart fullført av sønene hans Jon Lindstrøm og Claus Lindstrøm saman med Peter Helland-Hansen.
Sonen Claus Lindstrøm førte faren sitt arbeid vidare, og han gav i 2004 ut boka Mellom aust og vest : eldre bygninger i Lærdal, Alvheim og Eide, som er eit stort dokumentasjonsverk med registrering og oppmåling av gamle bygningar m.a. i Lærdal.
Bygninger 1926 – Gamlebanken i nyklassisistisk stil i Gamle LærdalsøyriHotel Grandane 1957 – Ombygging av Sankt Jetmund kirke Utviding av Fjærland kyrkje 1936 og 1955 – Restaurering av Leikanger kyrkje Ombygging av Gulen kyrkje 1954 – Gjenreising av eksteriør av Tollboden i Bergen
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Referanser
Kjelder Gravminner i Norge Om Johan Lindstrøm i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Wikipedia på bokmål
Bakgrunnsstoff Om Johan Lindstrøm i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske arkitektar Kategori:Forfattarar frå Lærdal Kategori:Norske sakprosaforfattarar