Bernard Lacombe () var ein fransk fotballspelar frå Villefranche-sur-Saône som vart europameister med Frankrike i 1984. Angrepsspelaren var elles med å vinne tre ligapokalar med Girondins Bordeaux i perioden 1984-87.

Klubbspel Lacombe var Olympique Lyon-spelar i tida frå 1969 til 1978. Han skåra det andre målet då laget frå Lyon i 1973 vann den franske cupfinalen med 2-1 over FC Nantes. Etter ein sesong i AS Saint-Étienne vart han i 1979 overført til Girondins Bordeaux. Saman med spelarar som Alain Giresse, Jean Tigana og Patrick Battiston bidrog han sterkt til at Bordeaux-laget i 1980-åra låg i toppen i fransk klubbfotball. Over ein periode på fire sesongar sanka klubben tre ligapokalar og to cuppokalar. Etter han fekk mindre speletid, la ha opp våren 1987.

Landslagsspel Lacombe var fransk landslagsspelar frå 1973 til 1984. Han spelte to kampar i Fotball-VM 1978 og skåra då Frankrike tapte 1-2 mot Italia. Under verdsmeisterskapen 1982 i Spania var han med i dei tre kampane i gruppespelet, resten av meisterskapen sat han på reservebenken, også då Frankrike tapte bronsefinalen mot Polen. Ved EM i fotball 1984 på fransk heimebane spelte Lacombe i fire av dei fem kampane, mellom dei EM-finalen mot Spania. Finaleoppgjeret, som enda med 2-0-siger til Frankrike, var hans 38. og siste landskamp. Totalt stod han for 12 landslagsmål.

Merittar Europameister: 1984 for Frankrike Fransk seriemeister: 1984, 1985 og 1987 med Girondins Bordeaux Fransk cupmeister: 1973 med Olympique Lyon og 1986 med Girondins Bordeaux

Utan større suksess var Lacombe i perioden 1996-2000 trenar i Olympique Lyon.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bernard Lacombe» frå , den 6. juli 2018.

eu-football

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Bordeaux-spelarar Kategori:Lyon-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1978 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Saint-Étienne-spelarar