Kevin De Bruyne () er ein belgisk fotballspelar frå Gent som sidan 2015 har spelt for den engelske fotballklubben Manchester City FC. Han spelar på det belgiske landslaget, som han vann bronsemedalje med landslaget under Fotball-VM 2018.

De Bruyne debuterte med Racing Genk i mai 2009. Han var i 2011 med om å vinne den belgiske og spelte på laget til våren 2012. Sesongen 2012/13 gjorde han teneste i tyske Werder Bremen. Hausten 2013 fekk han prøve seg i Chelsea FC, men vart i januar 2014 overført til VfL Wolfsburg. I den tyske klubben hadde han stor suksess, våren 2015 vann Wolfsborg den tyske cupmeisterskapen og han vart kåra til årets spelar i bundesliagen. På tampen av august 2015 vart De Bruyne overført til Manchester City i England. Han var sentral då klubben frå Manchester i 2018 vann den engeske ligaen.

De Bruyne fekk sin landslagsdebut for Belgia i august 2010 mot Finland i Turku. Han deltok både i Fotball-VM 2014, EM i fotball 2016 og i Fotball-VM 2018 i Russland. Under verdsmeisterskapen i Russland var han ein sentral spelar då Belgia sikra seg bronsen med siger 2-0 over England. De Bruyne har spelt 68 landskampar og skåra 15 mål for Belgia per juli 2018.

Merittar VM-bronse: 2018 for Belgia Belgisk seriemeister: 2010 med Racing Genk Engelsk ligameister: 2018 med Manchester City Tysk cupmeister: 2015 med VfL Wolfsburg Engelsk ligacupvinnar: 2016 og 2018 med Manchester City

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kevin De Bruyne» frå , den 15. juli 2018. eu-football

Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Genk-spelarar Kategori:Wolfsburg-spelarar Kategori:Werder Bremen-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2021 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2024 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026