Heilage Teresa av Ávila, også kjend som St. Teresa av Jesus () var ein spansk mystikar, karmelittnonne og forfattar under motreformasjonen. Ho er sidan utnemnd til katolsk helgen og kyrkjelærar.

Teresa var fødd i Ávila i Castilla. Ho fekk opplæring i klosteret Santa María de Gracia, der budde i nokre månader før ho måtte forlata det på grunn av dårleg helse. Då ho var tjue tok ho ei avgjerd om å gå i kloster, trass motstand frå faren.Biografi på katolsk.no

Ho var ein reformator av Karmelittordenen, og blir saman med Johannes av krossen rekna som grunnleggjar av Dei uskodde karmelittane.

I 1970 blei ho den første kvinna som blei utnemnd til kyrkjelærar. Saman med Katarina av Siena (1347–1380, også utnemnd i 1970) og Teresa av Lisieux (1873–1897, utnemnd i 1997) er ho ein av berre tre kvinner som er tildelt denne ærestittelen.

Blant hennar viktigaste verk er sjølvbiografien Boken om mitt livNorsk tittel teken frå samlinga St. Teresa av Avila. Levende vann, Oslo, 1990. Den indre borgen (El Castillo Interior)Den indre borgen; Efrem forlag og Camino de Perfección ('Fullkomenheitens veg'). Desse bøkene blir rekna blant dei viktigste innan kristen mystisisme.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Teresa av Ávila» frå , den 29. juli 2018. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Spanske helgenar Kategori:Katolske teologar Kategori:Kyrkjelærarar Kategori:Karmelittar Kategori:Folk frå Ávila