mini|Utsikt over Glåmos Glåmos er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen vart oppretta i 1926 då Røros vart delt i fire (Brekken, Glåmos, Røros og Røros landsokn). Glåmos hadde ved opprettinga 983 innbyggjarar.
1. januar 1964 vart dei fire kommunane på nytt slegne saman til ein kommune med namnet Røros. Glåmos hadde på dette tidspunktet eit folketal på 700.
Kategori:Tidlegare kommunar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske kommunar skipa i 1926 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964 Kategori:Geografi i Røros Kategori:Historie i Røros