Wels er ein by i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike med 61 000 ibuarar, den åttande største i Austerrike rekna i folketal. Byen ligg på nordbreidda av elva Traun, 317 meter over havet. Wels har ei flatevidd på 45,9 km², av dette vert 23% nytta til landbruk.

Wels er ein handelsstad og industriby med stor sysselsetting i servicenæringane, så vel som med eit utbygd skuleverk for vidaregåande opplæring.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wels (Stadt)» frå , den 4. august 2018.

Kategori:Kommunar i Oberösterreich Kategori:Byar i Austerrike