Adelaide (Adèle) Margareta Söderberg () var ein svensk målar, illustratør og grafikar. Ho arbeidde hovudsakleg med portrett og illustrasjonsoppdrag.*Svenskt konstnärslexikon del V, side 366, Allhems Förlag, Malmö.

Biografi Adèle Söderberg var dotter av kunstnaren Johan Adolf Carlsson Söderberg og Anna Margareta Vikner. Ho var syster av kunstnaren Hildur Andrea Söderberg.

Söderberg studerte ved Kungliga Akademien för de fria konsterna 1899-1904, der ho blant anna vann den kongelege medaljen. På den same tida vitja ho også Axel Tallberg sin etsingskule. Saman med Maja Setterberg stilte ho ut ved Hultbergs konsthandel i Stockholm og tok del i ei samlingsutstilling i Gävle. Produksjonen hennar spreidde seg over eit breitt register, og omfatta både store dekorative stykke og små eventyrstykke, marine måleri, interiør, portrett og landskapsmåleri. Ho var ugift heile livet.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Adèle Söderberg» frå , den 5. august 2018. Svenskt konstnärslexikon del V, side 366, Allhems Förlag, Malmö. Denne artikkelen bygger på «Adèle Söderberg» frå , den 5. august 2018.

Kategori:Svenske kunstnarar Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Kunstnarar frå 1900-talet