Josep Marín i Sospedra () ein spansk tidlegare friidrettsutøvar frå El Prat de Llobregat som vart europameister 1982 i 20 km kappgang under EM i Aten, der han også tok sølv på 50 km, den same medaljevaløren fekk han på 50 km under Friidretts-VM 1983 i Helsinki. I 1987 vann han bronsemedaljen på 20 km ved VM i Roma.

Aktiv Marín høyrde til verdseliten i kappgang over ein periode på 12-15 år. Under europameisterskapen 1982 i Aten gjekk han inn til ein suveren siger på 20 km, over to minuttar framom Jozef Pribilinec frå Tsjekkoslovakia. Allereie tre dagar seinare tok han sølvmedaljen på 50-kilometeren, slått med nær fire minuttar av Reima Salonen frå Finland. Også i verdsmeisterskapen året etter i Helsinki kjempa Marín om medaljane i begge kappgangøvingane. På 20 km enda Marín på fjerdeplassen. Fem dagar etter skilde han og austtyske Ronald Weigel tidleg ut frå resten av feltet på 50 km og begge kom mål over fem minuttar føre bronsemedlajøren. Tevlinga enda med sølv til Marín, 34 sekundar bak Weigel.

I 1987 vann Marín bronsen på 20 km ved verdsmeisterskapen i Roma. Under dei olympiske sommarleikane i Seoul året etter gjekk han inn til fjerdeplass på 20 km og femteplass på 50 km, utan eigenleg å vere nær medalje i korgje øvingane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1978 i Praha: Nr 5 på 20 km – 1.24.38. Braut 50 km OL 1980 i Moskva: Nr 5 på 20 – 1.26.45 og nr 6 på 50 km – 4.03.08 EM 1982 i Aten: Gull på 20 km – 1.23.43 og sølv på 50 km – 3.59.18 VM 1983 i Helsinki: Sølv på 50 km – 3.43.42. Nr 4 på 20 km – 1.21.21 OL 1984 i Los Angeles: Nr 6 på 20 km – 1.25.32 EM 1986 i Stuttgart: Diskvalifisert på 20 km VM 1987 i Roma: Bronsemedalje på 20 km – 1.21.24 OL 1988 i Seoul: Nr 4 på 20 km – 1.20.34 og nr 5 på 50 km – 3.43.03 EM 1990 i Split: Nr 5 på 50 km – 4.02.53 VM 1991 i Tokyo: Nr 12 på 50 km – 4.13.19 OL 1992 i Barcelona: Nr 9 på 50 km – 3.58.41

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «José Marín (racewalker)» frå , den 7. august 2018. Denne artikkelen bygger på «José Marín (Leichtathlet)» frå , den 7. august 2018. World Athletics

Kategori:Spanske kappgjengarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Spania Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1987 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1991