mini|Symbol for mono (1.0) Monoopptak, eller monofoni, er innan lydteknikk ei nemning ein-kanals lagring og attgjevingStreichler, R. og Everest, F.A., The new stereo soundbook, 2. utg., Audio Engineering Associates1998.Watkinson, J., The art of sound reproduction, Focal Press, 1998.. Dette er i motsetnad til stereofoni, som har minst to kanalar, og 3D-lyd, som nyttar mange kanalar.

Ved bruk av mono treng ein berre ein høgtalar; om ein har fleire høyrer ein same lyd i alle. Monofonisk attgjeving har ikkje muligheit for romleg plassering av dei ulike instrumenta.

Monofonisk attgjeving vart nytta medan 78-plater og den fyrste generasjonen langspelplater (mikrorilleplater) var det det vanlegaste distribusjonsformatet for lyd. I 1958 kom dei første stereoplatene i vanleg salDickreiter, M., Handbuch der Tonstudiotechnik, 6. utg., K.G. Saur, 1997. og monoplater vart etter kvart fasa ut.

Sjå òg Monofoni, einstemtheit

Referansar

Kategori:Lydteknikk