Armand Gustav Duplantis () er ein svensk-amerikansk stavhoppar frå Lafayette i delstaten Louisiana i USA som representerer Sverige. Han var per 2025 trefaldig verdsmeister, trefaldig europameister og dobbel olympisk meister i øvinga. Sidan 2020 er han verdsrekordhaldar i stavhopp, siste rekorden på 6,30 meter sette han då vann gullmedaljen ved VM i friidrett 2025 i Tokyo.
Aktiv Duplantis hoppa seg opp i verdseliten i løpet av 2017-sesongen, sette som best juniorverdsrekord med 5,90 meter. Midt i juli 2018 gjekk han til topps i junior-verdsmeisterskapen i Tampere med 5,82 m. Fire veker seinare vann han gullmedaljen i Friidretts-EM, forbetra samstundes juniorverdsrekorden til 6,05 m. Under verdsmeisterskapen 2019 i Doha tok han seg over 5,97 m i tredje og siste forsøk og fekk sølv, Sam Kendricks frå USA vann tevlinga då han klarte same høgda i eit tidlegare forsøk.
8. februar 2020 sette Duplantis innandørs verdsrekord i polske Toruń. Ei veke seinare heva han rekorden med ein centimeter til 6,18 meter i Glasgow. 17. september 2020 flytta han den 26 år gamle utandørsrekorden til Serhij Bubka med ein cm til 6,15 m då han vann eit DL-stemne i Roma. Under dei olympiske leikane i 2021 sigra Duplantis ved å å gå over 6,02 m.
Duplantis flytta verdsrekorden til 6,19 m den 7. mars og til 6,20 meter fjorten dagar seinare. Begge desse tevlingane fann stad i Beograd, den siste førte han til topps i hall-VM.
Medaljar og plasseringar i internasjonale utandørs-meisterskap VM 2017 i London: Nr 9 – 5,50 m EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 6,05 m, framom Timor Morgunov (6,00 m) VM 2019 i Doha: Sølvmedalje – 5,97 m, bakom Sam Kendricks (5,97 m) OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 6,03 m, framom Christopher Nilsen (5,97 m) VM 2022 i Eugene: Gullmedalje – 6,21 m, verdsrekord, framom Christopher Nilsen (5,94 m) EM 2022 i München: Gullmedalje – 6,06 m, framom Bo Kanda Baehre (5,85 m) VM 2023 i Budapest: Gullmedalje – 6,10 m, framom Ernest Obiena (6,00 m) EM 2024 i Roma: Gullmedalje – 6,10 m, framom Emmanouil Karalis (5,87 m) OL i 2024 i Paris: Gullmedalje – 6,25, verdsrekord, framom Sam Kendricks VM 2025 i Tokyo: Gullmedalje – 6,30 m, framom Emmanouil Karalis (6,10 m)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Armand Duplantis» frå , den 11. juni 2022.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Svenske stavhopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Sverige Kategori:Europameistrar i friidrett for Sverige Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024