Daniel Ståhl () er ein svensk friidrettsutøvar frå Järfälla kommun som vart verdsmeister 2019, olympisk meister 2021 og verdsmeister 2023 og 2025 i diskoskasting. Tidlegare vann han sølvmedaljen i VM 2017 og EM 2018. Ståhl har eit personbeste på 71,86 meter.
Aktiv Ståhl vart femtemann i så vel Beijing-VM 2015 og Amsterdam-EM 2016. 28. august 2016 sette han personleg rekord med 68,72 då han vart svensk meister. I juni 2017 i Sollentuna forbetra han den 33 år gamle landsrekorden til Ricky Bruch med 3 cm til 71,29 meter. Under VM i friidrett 2017 fekk han sølvmedaljen, med 69,19 meter og personbeste enda han fattige 2 cm attom vinnaren, Andrius Gudžius frå Litauen. Også året etter vart det sølv og gull på dei same to karane ved europameisterskapen i Berlin, då skilde det 23 cm i favør Gudžius.
29. juni 2019 forbetra Ståhl den svenske rekorden i diskoskasting til 71,86 meter i Bottnaryd. Tre månader seinare vann han gullmedaljen då verdsmeisterskapen vart avvikla i Doha. Både i 2020- og 2021-sesongen hadde han bestekast over 71 meter. 31 juli 2021 vann han den olympiske gullmedaljen i øvinga, og fekk med seg landsmannen Simon Pettersson på sigerspallen i Tokyo.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2014 i Zürich: Utslått i kvalifiseringa (59,01 m=nr 24) VM 2015 i Beijing: Nr 5 – 64,73 m EM 2016 i Amsterdam: Nr 5 – 64,77 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (62,26 m=nr 14) VM 2017 i London: Sølvmedalje – 69,19 m, bakom Andrius Gudžius (69,21 m) EM 2018 i Berlin: Sølvmedalje – 68,23 m, bakom Andrius Gudžius (68,46 m) VM 2019 i Doha: Gullmedalje – 67,59 m, framom Fedrick Dacres (66,94 m) OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 68,90 m, framom Simon Pettersson (67,39 m) VM 2022 i Eugene: Nr 4 – 67,10 m EM 2022 i München: Nr 5 – 66,39 m VM 2023 i Budapest: Gullmedalje – 71,46 m, framom Kristjan Čeh (70,02 m) EM 2024 i Roma: Nr 4 – 66,84 m OL 2024 i Paris: Nr 7 - 66,95 m VM 2025 i Tokyo: Gullmedalje – 70,47 m, framom Mykolas Alekna (67,84 m)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Daniel Ståhl» frå , den 21. august 2018.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Svenske diskoskastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Sverige Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024