Alan Christie Wilson () var ein USA-amerikansk musikar som var med å skipe, leie og skrive songar for bluesrockbandet Canned Heat. Han spelte munnspel, gitar og song med gruppa både på scenen og innspelingane deira. Wilson var songaren på dei største hittane til Canned Heat, «On the Road Again» og «Going Up The Country».

Han fekk kallenamnet «Blind Owl» av den amerikanske gitaristen John Fahey fordi han var ekstremt nærsynt. Ein gong skal han til dømes ha lagt gitaren sin på bryllaupskaka då han spelte i eit bryllaup fordi han ikkje såg ho.

Med Canned Heat spelte Wilson på to kjende konsertar i 1960-åra, Monterey Pop Festival i 1967 og Woodstockfestivalen i 1969.

Den 3. september 1970 vart Wilson funnen død i ei åssie bak huset til bandkollegaen Bob Hite i Topanga Canyon. Han vart 27 år gammal. Ein obuksjon synte at dødsvarlet var ein overdose av sovemiddel. Wilson leid av depresjon, men det er ikkje klart om dødsfallet var eit sjølvmord eller ikkje.Rolling Stone issue #68, published 29. oktober 1970 Wilson døydde berre to veker før Jimi Hendrix og fire veker før Janis Joplin, som òg begge var 27 år gamle.

Stephen Stills-songen «Blues Man» frå albumet Manassas er dedisert til Wilson, Jimi Hendrix og Duane Allman.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alan Wilson (musician)» frå , den 26. august 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Nettside for Alan Wilson

Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske bluesmunnspelspelarar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Bluesrock-musikarar Kategori:Canned Heat-medlemmar Kategori:Musikarar frå Boston Kategori:Døde av overdose