«Going Up the Country» er ein song omarbeidd og innspelt av det amerikanske bluesrockbandet Canned Heat. Det er bitt kalla ein «hymne for hippielandsbygda» og var ein av dei største hittane og ein av dei mest kjende songane deira. Som med den førre singelen, «On the Road Again», vart songen omarbeidd frå ein bluessong frå 1920-åra og songen i kontratenor-stil av Alan Wilson.

Bakgrunn og komposisjon Canned Heat, som var store fans av tidleg blues, og baserte «Going Up the Country» på «Bull Doze Blues», innspelt i 1928 av Texas-bluesmannen Henry Thomas. Thomas var frå songster-tradisjonen og hadde ein unik stil, og akkompagnerte stundom seg sjølv på quills, eit tidleg afroamerikansk blåseinstrument som minnar om ei panfløyte. Han spelte inn «Bull Doze Blues» i Chicago den 13. juni 1928, for Vocalion Records.Vocalion no. 1230

For «Going Up the Country» nytta Wilson i Canned Heat melodien til Thomas på quills og den grunnleggjande rytmen hans, men arrangerte han for rock og skreiv om teksten. I tillegg til bass- og trommeseksjonen, spelte Henry Vestine «lett elektrisk rytmegitar» og multiinstrumentalisten Jim Horn spelte fløyte.Fløyta på albumversjonen og singelversjonen er litt forskjellig. På den eine versjonen vert den tredje noten berre heldt ein augneblink, medan han på den andre vert heldt i to eller tre sekund.

Utgjeving «Going Up the Country» vart først gjeven ut på det tredje albumet til Canned Heat, Living the Blues, i november 1968. Liberty Records gav ut songen på singel den 22. november 1968, og han nådde 11. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista den 25. januar 1969. Ingen andre singlar av Canned Heat nådde høgare enn dette i USA. 7. januar 1969 klatra songen til 19. plassen på UK Singles Chart. Songen finst på fleire samlealbum av Canned Heat, inkludert Canned Heat Cookbook, Let's Work Together: The Best of Canned Heat (1989) and Uncanned! The Best of Canned Heat (1994).

Framføringar Canned Heat framførte «Going Up the Country» på Woodstockfestivalen i august 1969. Songen vart skildra som ein «uoffisiell hymne» for festivalen. I filmen Woodstock vert studioinnspelinga av songen nytta under ein montasje av festivaldeltakarane. På filmmusikkalbumet frå 1970, Woodstock: Music from the Original Soundtrack and More, vert konsertutgåva frå festivalen nytta.

Songen vart nytta i ein episode av The Wonder Years.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Going Up the Country» frå , den 26. august 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Canned Heat-songar Kategori:Liberty Records-singlar Kategori:Hippierørsla Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-songar