Hubertus Aegidius Hermanus van Aerle, kjend som Berry van Aerle, () er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Helmond som vart europameister med Nederland i 1988, nøyaktig ein månad etter han med PSV Eindhoven var med å vinne europacupen 1988. Han spelte jamnast høgreback, tidvis vart han nytta i ei defensiv midtbanerolle.
Klubbspel Aerle debuterte for PSV i mai 1982 og spelte totalt 278 seriekampar for laget frå Eindhoven fram til 1994. Med PSV vart han nasjonal seriemeister fem gongar i tida 1986-92. Høgdepunktet som PSV-spelar opplevde han då laget vann Europacupen 1988 med 6-5 mot Benfica, etter ein mållaus kamp og straffeskyting. 1986/87-sesongen spelte Aerle på Royal Antwerp i Belgia på utlån. Han avslutta fotball-karrieren med ein sesong, 1994/95, på andrenivålaget Helmond Sport frå fødebyen. Aerle skåra einast 12 seriemål gjennom sine 13-14 sesongar i toppfotballen.
Landslagsspel Nederlands landslag gjorde seg nytte av Aerle i 35 kampar frå debuten i Polen i 1987, utan han nokon gong kom på skåringslista. Under den sigerrike europameisterskapen i 1988, der Nederland vann finalen med 2-0 over Sovjetunionen, spelte Aerle høgreback i alle fem oppgjera til Nederland. Sidan deltok han i |Fotball-VM 1990 og i EM 1992, i begge turneringane med plass i fyrsteellevaren. Han spelte sin siste landskamp i november 1992, som i debuten med Polen på motsett banehalvdel.
Merittar Europameister: 1988 for Nederland Vinnar av meisterligaen: 1987 med PSV Eindhoven Nederlandsk seriemeister: 1986, 1988, 1989, 1991 og 1992 med PSV Eindhoven Nederlandsk cupmeister: 1988, 1989 og 1990 med PSV Eindhoven
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Berry van Aerle» frå , den 28. august 2018.
eu-football
Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Royal Antwerp-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992