mini|høgre|Carte d'Amérique, Guillaume Delisle, ca. 1774 mini|portrett=1.5|Padrón Real-kartet frå 1529, laga under oppsyn av Diogo Ribeiro, med Amerika markert som , «Den nye verda».

«Den nye verda» er ei nemning som oppstod på 1500-talet for å definere det amerikanske kontinentet og dei tilhøyrande øyane som ein heilskap. Amerika var den gongen eit nytt kontinent for europearar som tidlegare berre kjente til Europa, Asia og Afrika – «den gamle verda».M.H. Davidson (1997) Columbus Then and Now, a life re-examined. Norman: University of Oklahoma Press, s. 417)

Mundus Novus Omgrepet (Mundus Novus) skal ha blitt laga i 1503 av Amerigo Vespucci i eit brev til Lorenzo di Pier Francesco de' Medici, som blei gjeve ut på latin i 1503–04 under tittelen Mundus Novus. Brevet inneheld den fyrste kjende eksplisitte utsegna om at landa europearar var komne til i vest ikkje var austkanten av Asia, slik Kristoffer Columbus hevda, men i staden eit heilt anna kontinent eller ei «ny verd».

Omgrepet blei gjort kjend av Pietro Martire d'Anghiera i verket De Orbe Novo, ‘om den nye verda’, som tok for seg dei nyoppdaga landa på den vestlege halvkula.

Diskusjonar I dei seinare decennium har somme rekna uttrykket «den nye verda» som lett krenkjande, fordi det legg til grunn ei oppfatning av at berre det europeiske synspunktet er det som er rett. Derfor vert termen no berre nytta generelt i avgrensa samanhengar i visse sosiale lag. Først og fremst kan ein snakke om «den nye verda» i ein historisk kontekst der ein diskuterer reisene åt Columbus, den spanske erobringa av Yucatán og liknande. Dernest kan ein i ein biologisk kontekst snakke om artar i «den gamle verda» og i «den nye verda».

Medan «den nye verda» femnar om Amerika, kan ein tale om Australasia som enten «den gamle verda» eller «den nye verda», spesielt når ein samtaler om New Zealand som fekk dei første busetjingar berre få generasjonar før Columbus nådde Amerika. Men i biologisk kontekst er Australasia ingen av delane ettersom flora og fauna der skil seg merkbart frå flora og fauna både i Eurasia og i Amerika.

Kjelder

kategori:Amerika kategori:Oppdagingstida kategori:Koloniseringa av Amerika Kategori:Geografi Kategori:Oseania Kategori:Oseanisk kultur Kategori:Samfunnsgeografi