Agnete Synnøve Carlsen () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Moss. Ho vart europameister 1993 og verdsmeister 1995 med Noreg. Carlsen deltok i 97 landskampar i tida 1988-97 og skåra 17 mål. Ho var både midtbanespelar, men etterkvart oftast høgreback i landslaget.

Carlsen spelte på Sprint-Jeløy frå 1987 til 1995 og var med å vinne to seriemeisterskap med laget frå Moss. Frå 1996 til -98 var ho under kontrakt med japanske Nikko, men somrane 1996 og 1997 var ho innom høvesvis Kolbotn IL og Athene Moss. Under opphaldet i Japan sanka ho tre seriepokalar og ein cuppokal.

Med det norske landslaget vart Carlsen europameister 1993 og verdsmeister 1995. Ho var fast på europameisterlaget, men var einast innbytar i to kampar under VM 1995. Carlsen var elles med på å tape EM-finalen både i 1989 og 1991, medan det enda med siger og bronsemedalje i kampen om tredjeplassen under Sommar-OL 1996.

Merittar Verdsmeister: 1995 med Noreg Europameister: 1993 med Noreg EM-sølv: 1989 og 1991 med Noreg OL-bronse: 1996 med Noreg Seriemeister: 1990 og 1993 med Sprint-Jeløy Japansk seriemeister: 1996, 1997 og 1998 med Nikko Japansk cupmeister: 1997 med Nikko

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Agnete Carlsen» frå , den 8. september 2018.

Fotballforbundet

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Folk frå Moss