Eldbjørg Willassen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Tune i Østfold som vart nordisk meister i handball 1967 og 1970 med Noreg. Ho var målvakt.

Willassen fekk sin landslagsdebut i 1965. To år seinare imponerte ho stort med sitt målvaktspel under nordisk handballmeisterskap og bidrog til at Noreg vann meisterpokalen. Også då Noreg i 1970 forsvarte den nordiske meistertittelen bidrog Willassen sitt til norsk triumf i Østfold. Fram til 1971 spelte ho 60 landskampar, alle i rad. I sin siste landskamp, under Handball-VM 1971, vakta ho målburet då dei norske kvinnene slo Nederland 8-7 og tok 7. plassen i meisterskapen.

I 1964, 16 år gammal, var Willassen med om å vinne NM utandørs med Skjeberg SK, ein prestasjon ho og laget gjentok i 1966 og 1968. Sidan vart ho innandørsmeister i 1969, utandørsmeister 1970 og innandørsmeister, dei to siste NM-pokalane vann ho som målvakt i SK Freidig.

Kjelder Magnus Breili: Sport i navn & tall. Oslo 1971 Landskampstatistikk

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Sarpsborg