Steven Earl «Steve» Gaines () var ein USA-amerikansk musikar. Han er mest kjend som gitarist, vokalist og låtskrivar i southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd frå 11. mai 1976, fram til han døydde den 20. oktober 1977, og var den yngre broren til Cassie Gaines, som var korsongar for bandet på konsertane deira.

Cassie Gaines byrja å syngje med Lynyrd Skynyrd i desember 1975, og då gitaristen Ed King slutta i bandet, leita bandet etter ein ny. Cassie tilrådde broren hennar, og etter først ha vore motvillig, let bandet Steve få kome på scenen med dei på ein konsert i Municipal Auditorium i Kansas City i Missouri den 11. mai 1976. Etter kvart fekk han bli med i bandet.

Den 20. oktober 1977, tre dagar etter albumet Street Survivors km ut, styrta flyet som flaug bandet mellom to konsertar utafor Gillsburg i Mississippi. Gaines døydde av store hovudskadar, 28 år gammal. I styrten døydde òg Ronnie Van Zant, og syster til Steve, Cassie Gaines. Den assisterande turnémanageren, Dean Kilpatrick, og dei to pilotane omkom òg.

Han er emne i songen «Cassie's Brother» av rockebandet Drive-By Truckers frå 2001.

Diskografi Lynyrd Skynyrd One More from the Road (1976) Street Survivors (1977)

Solo One in the Sun (1988)

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Steve Gaines» frå , den 15. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Miami Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:Lynyrd Skynyrd-medlemmar Kategori:Omkomne i luftfartsulukker Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:The Detroit Wheels-medlemmar