Sandnes kyrkje er ei langkyrkje i teglstein frå 1882 i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det er den første kyrkja i Sandnes by, som vart skilt ut frå Høyland kommune i 1860. Kyrkja er bygd av teglstein og har 420 sitjeplassar.Kyrkjesøk
Den kyrkja som vart innvigd i 1882, var litt kortare enn i arkitekt Eckhoff sine opphavelege teikningar og tårnet litt lågare.Jf. bilete i Digitalt musem. Tårnet vart gjort høgare i 1949, og kyrkja vart utvida i lengden i 1961, då det gamle koret vart rive. Samstundes vart interiøret restaurert. Kyrkja vart òg restaurert i 2011–13.
Altartavla er måla av August Eiebakke i kopi etter Adolph Tidemand sitt altarbilete Oppstoda i Bragernes kyrkje. To vindauge i koret har glasmåleri frå 1922 av Olav Ansgar Larsen. Motiva er frå langfredag og oppstoda. Døypefonten av kleberstein vart laga av Ståle Kyllingstad i 1951. Kyllingstad utsmykka preikestolen same året, og i 1953 fornya han innramminga til hovuddøra.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja. Sandnes nye og gamle gravlundSandnes kommune er lengre sørvest, vest for fylkesveg 325.
Kjelder Sandnes kirke, Sandnes på Kyrkjesøk
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Sandnes kyrkjelyd
Kategori:Kyrkjer i Sandnes Kategori:Kyrkjer i Sandnes prosti Kategori:Kulturminne i Sandnes Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:1882 i Noreg Kategori:Langkyrkjer i Stavanger bispedømme