Vibeke Larsen () er ein norsk sametingspolitikar som var sametingspresident for Arbeidarpartiet i perioden 2016–2017. Sidan 2021 sit ho på Sametinget for Nordkalottfolket frå Vesthavet valkrins.

Larsen byrja i Arbeidarpartiet og var vararepresentant i sametingsperioden 2001–2005. Frå 2004 hadde ho fast plass i staden for Per Solli, og sat så som fast representant frå 2005 til 2017. Frå og med 26. september 2007 til 2013 sat ho i Sametingsrådet for Arbeidarpartiet.

I desember 2016 felte ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet, Árja og Høgre det sitjande sametingsrådet leia av Aili Keskitalo, og danna nytt sametingsråd med Larsen som sametingspresident. I januar 2017 vart Ronny Wilhelmsen vald til presidentkandidat for Arbeidarpartiet før sametingsvalet 2017. I protest gjekk Larsen ut av partiet og avsette Wilhelmsen som visepresident. Ho starta så partiet Šiella, som stilte til val i 2017 utan å få inn nokon representantar. Larsen sat som president fram til valet i 2017.

Ho meldte seg seinare inn i Nordkalottfolket, og vart vald inn på Sametinget for dei i perioden 2021–2025.

Larsen er busett på Bjerkvik i Narvik kommune i Nordland fylke.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Presentasjon av Vibeke Larsen på nettstaden til Det norske sametinget Om Vibeke Larsen på nettstaden til NRK Sámi Radio

Kategori:Sametingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Sametingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Sametingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Sametingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Sametingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Sametingsrepresentantar frå Ap Kategori:Sametingsrepresentantar frå Nordkalottfolket Kategori:Folk frå Narvik